Gjennomgangen av eksisterande kunnskap viser ei positiv utvikling, men også vedvarande utfordringar knytte til behovet for meir strategisk og heilskapleg styring, og betre oppfølging av mål og effektar.
Styring i staten – korleis står det til?
God styring er sentralt for at staten skal løyse oppgåvene sine effektivt. Vi i DFØ forvaltar økonomiregelverket som legg rammene for styring i staten. Som del av dette arbeidet har vi undersøkt tilstanden og utfordringar med styring basert på eksisterande kunnskap, i hovudsak ulike dokument frå dei siste åra.
Kva veit vi om styring i staten i dag?
Det har vore ei positiv utvikling. Likevel ser vi at nokre utfordringar går igjen, og dei har gått igjen over tid. Dei to mest sentrale handlar om behovet for strategisk og heilskapleg styring og behov for meir merksemd om effektar av det vi gjer.
Strategisk styring
Vi ser at det er krevjande å få til ei styring som både handterer dagsaktuelle hendingar og tek høgd for langsiktig utvikling og løysingar som står seg over tid. Det er også krevjande å sjå utover eiga verksemd og styre heilskapleg når det er behov for at fleire aktørar styrer saman.
Verkar det, og får vi eigentleg til det vi vil?
Å sette mål og følge dei opp er ein sentral del av styringa. Både verksemder og departement opplever det som utfordrande. Særleg på departementsnivå ser vi at det ikkje alltid ligg føre god nok informasjon om måloppnåing og effektar av tiltak, eller om ressursane er brukt effektivt.
Les notatet
Kva no?
DFØ meiner denne gjennomgangen gir eit godt utgangspunkt for å vurdere korleis det står til med styring i staten. Den gir oss eit grunnlag for vidare arbeid med kompetansetiltak for betre styring. Vi er allereie godt i gang. I slutten av april lanserte vi ein ny rettleiar i nyttestyring som nettopp skal bidra til å følge opp tiltak i gjennomføringa for å legge til rette for at tiltak blir gjennomførte smart og at vi oppnår det vi ønsker.
Parallelt ser vi at det har vore låg merksemd om styring på sektornivå. Vi trur det er potensial for meir strategisk styring i departementa, og DFØ vil jobba meir for auka merksemd om utviklingstrekk og behov på eit meir heilskapleg og langsiktig nivå.