Hopp til hovedinnhold
Nytt frå Statens innkjøpssenter juni 2026

Nytt frå Statens innkjøpssenter juni 2026

Ny anskaffingsstrategi

Anskaffingsstrategien gir retning for korleis Statens innkjøpssenter skal jobbe for å sikre riktig behovsdekning, reduserte kostnader og god konkurranse, samtidig som vi bidreg til grøn omstilling og berekraftig utvikling gjennom dei statlege fellesavtalane.

Fram til no har arbeidet vore støtta av kategoristrategier og handlingsplanar, men utan eitt samla, overordna strategidokument. Det er no på plass med denne strategien som er offentlig tilgjengelig. 

Ny anskaffingsstrategi gir felles retning for Statens innkjøpssenter

Første årsrapport

Statens innkjøpssenter har lagt fram sin første offentlege årsrapport. Rapporten viser innkjøpssenteret sitt arbeid med miljømessig og sosial berekraft i fellesavtalar i 2025.

Rapporten er eit første steg mot meir heilhetleg rapportering, og neste år ønsker innkjøpssenteret å rapportere på status for måla i anskaffingsstrategien.

Sjå første årsrapport om miljømessig og sosial berekraft

Dashboard

Ønsker du innsikt i verksemda sine nøkkeltall og utvikling på fellesavtalane? Då kan du bruke dashboarda som blei lansert på Statens innkjøpsforum 4. mai.

Dashboard gir verksemdene styringsinformasjon om eigen kjøpsatferd og molegheit til å samanlikne seg med andre verksemder på avtalen. Målet er å gjere det enklare å identifisere gevinstpotensial og sjå kva tiltak som kan bidra til auka gevinstrealisering. 

Lokale avtaleforvaltarar i verksemdene har allereie tilgong til dashboard i Teams, saman med rettleiingsmateriale. Statens innkjøpssenter vil informere verksemdene nærmare før dashboard blir publisert på nettsidene våre.

Kategoridagar

Til hausten arrangerer Statens innkjøpssenter kategoridagar for kategoriane kontor, reise og IKT.

Arrangementa er eit tilbod til verksemder som er omfatta av dei statlege fellesavtalane, og vil gi innsikt i både eksisterande avtaler og kommande anskaffingar. Deltakarane vil høyre om erfaringer og perspektiv frå blant anna avtaleforvaltarar, prosjektleiarar og leverandørar.

Meld deg på allereie no, meir informasjon kjem seinare. Følg gjerne med på oversikta over kommande arrangement for oppdateringer.

Arendalsuka 10.–14. august

Er du opptatt av korleis offentlege anskaffingar kan bidra til betre ressursbruk, grøn omstilling og auka digital handlefriheit? Då håpar vi å sjå deg på Arendalsuka.

Vi inviterer til debattar om aktuelle tema innan offentlege anskaffingar, frå digitalt handlingsrom og gevinstrealisering til prioriteringar i det grøne skiftet. 

Tysdag 11. august kl. 11.30–12.30 
Korleis sikre strategisk digitalt handlingsrom? 

Onsdag 12. august kl. 09.00–10.00 
Frokostdebatt: Milliardar å spare – sløser Noreg med offentlege innkjøp? 

Onsdag 12. august kl. 11.00–12.00 
Grøne ambisjonar møter verkeligheita – kva prioriterer vi til slutt? 

I tillegg samarbeider vi om to andre arrangement og deltek i paneldebattar på over ti arrangement i løpet av uka. Sjå heile programmet for å finne arrangementa du ønsker å få med deg.

Brukarundersøking om rollen som lokal avtaleforvaltar

Er du lokal avtaleforvaltar? Svar på brukerundersøkinga vår, og bidra til utviklinga av betre verktøy, tiltak og støtte for avtaleoppfølging og gevinstrealisering.

Statens innkjøpssenter har sendt ut ei brukarundersøking som skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for utvikling av relevante verktøy, tiltak og støtteordninger knytta til lokal avtaleoppfølging og gevinstrealisering. 

Dine innspel påverker direkte kva tiltak og verktøy vi prioriterer i det vidare arbeidet. 

Hovedfunna blir delt med verksemdene i løpet av hausten, og innsikta vil inngå i det vidare utviklingsarbeidet på området. Jo fleire som deler sine erfaringer, desto betre kan vi utvikle støtte som treff behova i verksemdene. 

Svarfrist er 23. juni 2026. 

Konkurransar i prosess

Forbruksmateriell

Anbudskonkurransen for ny avtale måtte avlysast etter at det blei avdekka feil i prisskjemaet som ikkje kunne rettast utan avlysning. Statens innkjøpssenter beklager at ny avtale er forsinka. Ny konkurranse er lyst ut med tilbudsfrist 7. august.  

Nettsida for anskaffinga blir oppdatert undervegs i prosessen 

Flyreiser

Evaluering av tilboda er ferdigstilt, og meddelelsesbrevet blei sendt til alle leverandørar som leverte tilbod 27. mai 2026. Karensperioden utløper 8. juni kl. 12.00. Statens innkjøpssenter har til hensikt å inngå kontraktar med leverandørane som er innstilt så snart karensperioden har utløpt. Informasjon om implementering vil bli sendt til alle statlege verksemder i løpet av juni. 

Hald deg oppdatert om framdrifta i konkurransen 

Hotellovernatting i Norge

Konkurransen om statlege fellesavtalar for hotellovernatting i Noreg bli kunngjort 27. mai med tilbodsfrist 23. juni. Vi forventer at dei nye avtalane blir inngått i september. Statlege verksemder vil motta informasjon om nye avtalar før dei trer i kraft 16. januar 2027. 

Nettsida om anskaffinga av hotellovernatting blir oppdatert fortløpande.

Telefonitjenester

Den statlege fellesavtalen for telefonitjenester løper ut mai 2027, og gjenanskaffinga er i gang. Ein foreløpig versjon av konkurransedokumenta har vore på høyring, og det blir no arbeidd med den endelege konkurransestrategien. Fråvalgsprosessen er estimert til Q3 2025. 

PC-utstyr

Den statlege fellesavtalen for PC-klient og tilbehør utløper 26. mars 2027. Arbeidet med ny anbodskonkurranse er godt i gang, og vi har ei rettleiiande kunngjøring ute no. Fråvalgsprosessen er også i gang, og det er sendt ut melding om dette til alle verksemdene. 

Mobile eningar

Den statlege fellesavtalen for mobile einingar utløper september 2026. Det har vore gjennomført ein anbodskonkurranse med tilbudsfrist 15. mai 2026. Dette resulterte i 4 tilbud som no blir evaluerte. Tildeling vil skje før sommaren slik at ny avtale vil ta over direkte for eksisterande avtale. 

 

Kontakt oss gjerne på [email protected].

Denne e-posten ble sendt fra Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Avslutt abonnement | Personvernerklæring | Andre nyhetsbrev fra DFØ

Har du spørsmål om denne e-posten, ta kontakt med [email protected].