Vi har gjort endringar i delårs- og årsrekneskapsrapportmalane. Formålet er å forenkla innhentinga av data og forbetra kvaliteten på rapportane. I tillegg er det lagt til eit kontrollark i rapportmalane for bruttobudsjetterte verksemder som fører periodisert rekneskap etter dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).
Input i rapportane
Rapportmalene for delårs- og årsrekneskapsrapportane har tidlegare henta input frå saldotabellar og datavarehus i Unit4 ERP. Dette er no endra slik at rapportane hentar data direkte frå hovudboka i Unit4 ERP. Endringa inneber at når du fører eit bilag, treng du ikkje lenger å oppdatera saldotabellar eller datavarehus for å få dette inn i rapportmalane i Unit4 ERP. Dersom du tek ut rapporten på nytt etter bokføring, vil tala i rapportmalen automatisk vera oppdaterte.
Kontrollark
I rapportmalane for bruttobudsjetterte verksemder som fører periodisert rekneskap etter SRS, er det no lagde inn eit kontrollark. Dette skal gjera det enklare å identifisera eventuelle avvik i rapporten.
Du kan lesa meir om kontrollarket på denne sida: