DFØ har på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) og Barne- og familiedepartementet (BFD) evaluert etatssamarbeidet for utsette barn og unge.
DFØ-rapport 2025:6
Styring
Samarbeidet vart etablert i 2022 for å styrke samordninga mellom 13 etatar og sju departement. Rapporten samanfattar erfaringar med organisering, styring og samarbeid på tvers, og gir tilrådingar for korleis strukturen kan vidareutviklast for å sikra meir heilskapleg og koordinert hjelp til barn og unge.
Det viktigaste i rapporten
Hovudfunn:
- Etatssamarbeidet er vurdert som rett og viktig, og har bidrege til nettverksbygging og auka tverrfagleg forståing.
- Dei mest konkrete resultata har komme frå prosjektgrupper som har levert rapportar om m.a. rusførebygging og straffereaksjonar for ungdom.
- Samarbeidet har vore prega av uklar styring og organisering og har hatt avgrensa kapasitet i sekretariatet.
- Manglande felles målforståing og uavklart rollefordeling har hemma framdrifta.
- Styringa i departementa har vore lite samordna, og strukturen har vore for kompleks og ressurskrevjande.
Tilrådingar for vegen vidare
Betre balanse mellom vertikal styring og horisontal tilpassing ved:
- at mandatet bør konkretiserast og spissast for å sikra målretta innsats
- at styringa frå departementa må bli tydelegare og meir koordinert
- at strukturen bør forenklast, og sekretariatet bli styrkt med tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse
- utvikling av kultur og leiing som fremjar tillit, openheit og felles målforståing