Utfordringsbiletet i forvaltninga

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) fekk i tildelingsbrevet for 2025 i oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) å utarbeide eit notat om utfordringsbiletet for forvaltninga.

DFØ-notat 2025:3

Notatet løftar fram behov for effektivisering, nødvendige prioriteringar, styrkt omstilling og auka endringstakt som gjennomgåande utfordringar for norsk forvaltning – staten og kommunane – i åra som kjem.  

Nokre hovudpunkt frå notatet

  • Knappleik på arbeidskraft og kompetanse gjer at leiarar og tilsette må handtere omstilling og auka uvisse. 
  • Styringsmekanismane til staten legg for lite til rette for heilskap og prioriteringar som trengst for å nå sektorovergripande mål som digitalisering og berekraft. 
  • Statsforvaltninga har gått gjennom stadige omorganiseringar innan sektorane og verksemdene enkeltvis, mens det har skjedd få endringar i dei overordna strukturane knytte til departementa. 
  • Over tid har oppgåver blitt flytta frå staten til kommunesektoren. Samtidig strevar mange kommunar med nok kapasitet og kompetanse til å løyse sentrale velferdsoppgåver og omfanget av lovfesta krav. 

Les og søk i notatet på nett

Last ned notatet

DFØ-notat 2025:3 Utfordringsbildet i forvaltningen
pdf 422.04 KB

Les nyheitssaka om notatet

Oppdatert: 21. mai 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.