I spenningsfeltet mellom vertikal styring og horisontal tilpassing

DFØ har på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) og Barne- og familiedepartementet (BFD) evaluert etatssamarbeidet for utsette barn og unge.

DFØ-rapport 2025:6
Styring

Samarbeidet vart etablert i 2022 for å styrke samordninga mellom 13 etatar og sju departement. Rapporten samanfattar erfaringar med organisering, styring og samarbeid på tvers, og gir tilrådingar for korleis strukturen kan vidareutviklast for å sikra meir heilskapleg og koordinert hjelp til barn og unge.

Det viktigaste i rapporten

Hovudfunn:

  • Etatssamarbeidet er vurdert som rett og viktig, og har bidrege til nettverksbygging og auka tverrfagleg forståing.
  • Dei mest konkrete resultata har komme frå prosjektgrupper som har levert rapportar om m.a. rusførebygging og straffereaksjonar for ungdom.
  • Samarbeidet har vore prega av uklar styring og organisering og har hatt avgrensa kapasitet i sekretariatet.
  • Manglande felles målforståing og uavklart rollefordeling har hemma framdrifta.
  • Styringa i departementa har vore lite samordna, og strukturen har vore for kompleks og ressurskrevjande.

Tilrådingar for vegen vidare

Betre balanse mellom vertikal styring og horisontal tilpassing ved:

  • at mandatet bør konkretiserast og spissast for å sikra målretta innsats
  • at styringa frå departementa må bli tydelegare og meir koordinert
  • at strukturen bør forenklast, og sekretariatet bli styrkt med tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse
  • utvikling av kultur og leiing som fremjar tillit, openheit og felles målforståing

Last ned rapporten

DFØ-rapport 2025:6 Evaluering av etatssamarbeidet for utsatte barn og unge
pdf 459.68 KB

Les nyheitssaka

Oppdatert: 8. desember 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.