DFØ har publisert nye nettsider som skal gjere det enklare å jobbe med internkontroll. Sidene skal hjelpe dykk med å få meir kontroll, men ikkje nødvendigvis med fleire kontrollar.
Bruk sidene for å lære om dei ulike stega i prosessen, få inspirasjon til å tilpasse internkontrollen til verksemda di, og få råd om korleis leiinga kan jobbe med å skape god kultur for internkontroll.
Sidene hjelper dykk også med å vurdere om fundamentet for internkontroll er på plass, og kor godt de allereie jobbar med internkontroll.