Kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak

DFØ har evaluert kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak. Rapporten viser at det framleis er eit forbetringspotensial med å svare på dei seks spørsmåla i utgreiingsinstruksen. Den største svakheita er at alternative tiltak blir greidde ut for sjeldan.

DFØ-rapport 2025:1
Regelverk
Styring

Dette har vi gjort gjennom ein dokumentstudie av mellom anna høyringssaker i tillegg til ei spørjeundersøking og intervju som begge var retta mot departement og underliggande verksemder.

Resultata frå dokumentstudien viser at kvaliteten på utgreiingar av statlege tiltak framleis har eit potensial for å bli betre. Spesielt utgreiingar av regulatoriske forslag er mangelfullt utgreidd. Studien viser samtidig at det også blir gjort mykje godt utgreiingsarbeid i staten. Vi finn at kvaliteten på NOUer, utgreiingar registrerte i Kudos og større investeringsprosjekt gjennomgåande er gode.

Vidare ser vi at funn frå spørjeundersøkinga og intervju gir støtte for at det finst eit potensial for betre etterleving av instruksen. Dei tre viktigaste årsakene til mangelfulle utgreiingar er

  • korte fristar
  • politiske føringar
  • manglande ressursar

Dette svarte både departementa og dei underliggjande verksemdene.

Last ned rapporten

DFØ-rapport 2025:1 Tilfredsstiller statlige utredninger utredningsinstruksens krav?
pdf 7.13 MB

Les nyheitssaka

Forvaltningsblikk

Tidlegare statusmålingar

Oppdatert: 13. juni 2025

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.