Økonomiinfo er eit økonomistyringsverktøy som gir enkel tilgang til rekneskapsinformasjon til bruk i økonomistyring og analyse.
I Økonomiinfo kan du mellom anna sjå resultatoppstilling, balanseoppstilling og fleire ulike nøkkeltal. Du kan også tilpasse dei ulike visningane i løysinga etter behova dine.
Verktøyet er tilrettelagt både for verksemder som fører rekneskapen etter kontantprinsippet og verksemder som fører periodiserte i samsvar med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).
Økonomiinfo hentar data frå Unit4 ERP, i tillegg hentar det månads- og årsverket frå DFØs lønnssystem.
Økonomirapportar og nøkkeltal
Nyheiter i Økonomiinfo
Økonomiinfo – overgang til periodisert rekneskap etter SRS
Ta kontakt
Om du vil vite meir om Økonomiinfo kan du sende ein e-post til [email protected].
Oppdatert: 19. september 2024
Kontakt
kundesenter for regnskap
- Kundesenter på nett
- regnskap [at] dfo.no (regnskap[at]dfo[dot]no)
- 40 76 71 57