Fakta om tilskot

Her finn du rettleiing om kva tilskot er, fagomgrep, lover og reglar som påverkar tilskotsområdet, og krav til klarspråk og universell utforming.

Kva er tilskot?

Statleg tilskot er eit økonomisk verkemiddel for å oppnå politisk fastsette mål.

Tilskot utgjer omtrent ein tredel av utgiftene i statsbudsjettet.

Tilskot er overføringar frå statsbudsjettet for å nå visse mål, og som ikkje er anskaffing eller stønad. Tilskot blir normalt gitt til mottakarar utanfor staten.

Tilskot frå staten er regulert i økonomiregelverket for staten, særleg kapittel seks i føresegnene om økonomistyring i staten.

Tilskot skal vere heimla i eit løyvingsvedtak i statsbudsjettet, tilskotsforvaltninga skal følge forvaltningslova og tilskotsmidlar skal tildelast i samsvar med regelverket om offentleg støtte.

Statlege tilskotsforvaltarar

DFØs kartleggingar viser at det finst omkring 90 statlege tilskotsforvaltarar (departement eller underliggande verksemder). For nokre statlege verksemder er tilskotsforvaltning ein stor del av oppgåvene til verksemda, medan andre forvaltar berre nokre få tilskotsordningar.

Nokre statlege tilskotsordningar blir forvalta av selskap heil- eller deleid av staten, organisert som statsføretak og særlovselskap (som Enova SF, Gasnova SF og Innovasjon Noreg).

Ifølgje ein områdegjennomgang av tilskot til kommunesektoren i 2017 var tilskotsforvaltning for 18 tilskotsordningar delegert til kommunane, slik at kommunane var tilskotsforvaltarar.

Fagomgrepa på tilskotsområdet

DFØ har definert elleve fagomgrep på tilskotsområdet, desse ligg i Felles datakatalog.

DFØ har definert omgrepa i kraft av rolla si som regelverksforvaltar for økonomiregelverket, under dette kapittel 6 i føresegnene om økonomistyring i staten. Ein definisjon består av sjølve definisjonen og ofte ein merknad med forklaringar.

Lover og reglar som påverkar tilskotsområdet

Føresegnene om økonomistyring i staten kapittel 6 regulerer utforming og forvaltning av statleg tilskot.  Også andre lover og regelverk set rammene for tilskotsforvaltninga, i særleg grad forvaltningslova, reglane om offentlege anskaffingar og EØS-regelverket om offentleg støtte.

I tillegg til kapitel 6 i føresegnene om økonomistyring i staten, er også andre lover og reglar aktuelle for tilskotsforvaltninga.

Forvaltningsverdiane

Forvaltningsverdiane er grunnleggande også for tilskotsforvaltninga. Dei fire verdiane er:

  1. Lojalitet til politiske avgjerder (demokrati)
  2. Likebehandling/rettstryggleik
  3. Fagleg integritet
  4. Effektivitet

Løyvingsreglementet

Løyvingsreglementet er fastsett av Stortinget og er det overordna regelverket for budsjettarbeidet i Stortinget og i statsforvaltninga. Reglementet inneheld også føresegner om forvaltninga si gjennomføring av vedteke budsjett, og om statsrekneskapen.

Løyvingsreglementet § 9 er sentralt når forslag om løyvingar til tilskot skal fremjast for Stortinget: 

«Det skal redegjøres for innholdet av og begrunnelsen for bevilgningsforslagene. De resultater som tilsiktes oppnådd, skal beskrives. Det skal også gis opplysninger om oppnådde resultater for siste regnskapsår sammen med annen regnskapsinformasjon av betydning for vurdering av bevilgningsforslagene for neste budsjettår.» 

Økonomiregelverket

Økonomiregelverket er ein instruks for statsforvaltninga: departementa og dei underliggande verksemdene. Økonomiregelverket er eit samleomgrep for reglementet og føresegnene om økonomistyring i staten, desse er samla i ein felles publikasjon. Reglementet § 8 omtaler krav til utforming og forvaltning av tilskot, men også dei andre krava i regelverket vil gjelde. Krava blir utdjupa i føresegnene kapittel 6. Rundskriv og tolkningsuttalelser inngår også i økonomiregelverket.

Utgreiingsinstruksen

Utgreiingsinstruksen gjeld for utarbeiding av avgjerdsgrunnlag for statlege tiltak som blir utførte i, eller på oppdrag for, statlege forvaltningsorgan. Utgreiinga av alle statlege tiltak som er venta å gi verknader for andre, skal som hovudregel følge utgreiingsinstruksen for å sikre gode grunnlag for avgjerder.

Ei tilskotsordning krev som hovudregel eit godt avgjerdsgrunnlag før ho blir utforma og forvalta. Sjå DFØs rettleiing:

Forvaltningslova

Forvaltningslova stiller krav som gjeld ved saksbehandlinga i tilskotsforvaltninga, særleg behandlinga av søknader og utforming og oppfølging av vedtaket som blir formidla i tilskotsbrevet. Regelverket for tilskotsordninga er som hovudregel også ei forskrift som skal fastsettast i tråd med føresegnene i forvaltningslova.

Rettleiingsnotatet "Om forvaltningslovens og økonomiregelverkets krav til utformingen og forvaltningen av statlige tilskuddsordninger" vart skrive i samarbeid mellom DFØ og lovavdelinga i Justisdepartementet i 2018, og gir rettleiing i fleire aktuelle problemstillingar på tilskotsområdet. Mykje av rettleiinga om tilskot frå staten bygger på dette notatet:

Offentleglova

Offentleglova har som formål å legge til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrke informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for kvar enkelt, tilliten til det offentlege og kontroll frå allmenta.

Lova skal også legge til rette for deling av offentleg informasjon. Lova bygger på offentlegheitprinsippet, det vil seie at saksdokument hos ei offentleg styresmakt som hovudregel skal vere fritt tilgjengeleg for alle som ønsker å gjere seg kjend med dei.

På tilskotsområdet vil det blant anna vere aktuelt å gi innsyn i søknader og tilskotsbrev. Sjå Justisdepartementets:

Lov om offentlege anskaffingar

Lov om offentlege anskaffingar skal sikre effektiv ressursbruk mellom anna i staten. Det offentlege er derfor pålagt å følge visse grunnleggande prinsipp, og dessutan meir detaljerte prosedyrereglar ved planlegging og gjennomføring av offentlege anskaffingar.

Sjå rettleiinga:

EØS-regelverket for offentleg støtte skal hindre at nasjonale eller lokale styresmakter tilgodeser enkelte føretak eller næringar framfor andre på ein måte som påverkar samhandelen negativt, og bidra til at marknadsaktørane blir stilte overfor føreseielege og like konkurranse- og rammevilkår i heile EØS-området. Sjå rettleiinga:

Klarspråk

Språklova § 9 krev at offentlege organ skal bruke eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. For å kommunisere godt med søkjarar og tilskotsmottakarar må departementet og tilskotsforvaltar bruke klart språk i regelverket for tilskotsordninga, i utlysinga og i tilskotsbrevet. Tydeleg og klart språk gjer det lettare å forstå og vi unngår eventuelle misforståingar og oppklaringsrundar. Dette er også tidssparande for både tilskotsmottakar og tilskotsforvaltar.

Universell utforming

Likestillings- og diskrimineringsloven krev at offentleg verksemd som rettar seg mot allmenta, skal vere universelt utforma. Det gjeld både fysiske forhold og IKT-løysingar som rettar seg mot brukarane (sjå §§ 8 og 9 i lova). I tilskotsforvaltninga vil dette gjelde utlysing, informasjon på nettstaden til forvaltaren, søkje- og rapporteringsløysingar og liknande.

Oppdatert: 19. desember 2024

Kontakt

Har du spørsmål eller tilbakemeldinger om innholdet på denne siden, send en e-post til [email protected]

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.