SAP lisensteljing 2026

Tidspunkta for SAP lisensteljing er fastsette for 2026. Den første lisensteljinga vil bli gjennomført i februar.

DFØ gjennomfører SAP lisensteljing fire gonger i året. Periodane for lisensteljing blir fastsett basert på innrapporteringskrav frå systemleverandøren SAP Norge AS.

Stega og ansvarsdelinga i prosessen er skildra i DFØ si brukardokumentasjon.

Datoar for lisensteljing i 2026

SAP lisensteljing vil i 2026 bli gjennomførte i følgjande periodar:

  • For andre kvartal 2026: 28. januar til 17. februar
  • For tredje kvartal 2026: 28. april til 20. mai
  • For fjerde kvartal 2026: 28. august til 17. september
  • For første kvartal 2027: 26. november til 16. desember

Vi vil sende ut kundenotat om lag ei veke før kvar lisensteljingsperiode tek til. Kundenotata inneheld nærare informasjon om fristar for tilbakemelding etter kundane sine kontrollperiodar.

Publisert: 9. januar 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.