Månadleg statsrekneskap

Tala frå statsrekneskapen blir publiserte kvar månad.

Kontaktinformasjon

Spørsmål kan rettas til:

eller:

Forklaring til månadlege rapportar

Det blir produsert tre rapportar kvar månad, som tek for seg.

  1. utgiftene til staten
  2. inntektene til staten
  3. løyvingshistorikken (endringar som er gjorde på budsjettpostar gjennom året)

Klikk på årstala i menyen til venstre for å få ei oversikt over dei månadlege rapportane per år.

Forklaring til innhaldet i dei tre rapportane finn du i menyen til høgre.

Spørsmål om innhaldet i rapportane (løyvingar og rekneskapstal) skal rettast til det respektive fagdepartementet.

Generelt om statsrekneskapen

Statsrekneskapen består av ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen er ei oversikt over utgiftene og inntektene i staten etter kontantprinsippet. Løyvingsrekneskapen blir presentert kvar månad. Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av den statlege balansen og blir presentert saman med løyvingsrekneskapen i den årlege statsrekneskapen (Meld. St. 3). Kapitalrekneskapen har hovudvekt på dei statlege finansielle eigedelane, den statlege gjelda og den statlege eigenkapitalen. Statsrekneskapen er basert på rapportering frå statlege verksemder og departementa.

Statsrekneskapen skal førast etter dei same hovudprinsippa som gjeld for statsbudsjettet, jf. løyvingsreglementet til Stortinget:

  • Eittårsprinsippet
  • Heilskapsprinsippet
  • Kontantprinsippet
  • Bruttoprinsippet

Nærmare reglar for rekneskapsføring i staten finst i reglement for økonomistyring i staten og i rundskriv frå Finansdepartementet.